De utviklar for sømlause reiser

Caroline og George er to av dei som gir deg føreseielegheit når du skal ut og fly, medan André og John Håvard har blikket retta mot lufta og sikrar at flya kjem seg trygt fram som dei skal.

To personar ser på ein mobiltelefon på ein moderne flyplass, med skilt og informasjonstavler i bakgrunnen.

50 millionar passasjerreiser. 600.000 avgangar og landingar. 50.000 overflygingar. Det går ikkje rundt av seg sjølv. No treng Avinor fleire smarte hovud. Er du ein av dei?

Kvinne peiker mot skjerm i kontrollrom, smiler og ser fokusert ut. Skjermar med data i bakgrunnen.

– Oi, sjå her! Dette systemet har eg laga. Det er faktisk første gong eg ser det i full storleik.

Like ved bagasjebanda på Oslo lufthamn har George Lee fått auge på ein skjerm. Han jobbar som systemutviklar i Avinor. I dag har han saman med kollega Caroline Jacobsen teke turen til Oslo lufthamn for å snakke om løysingane dei jobbar med dagleg.

No står dei to systemutviklarane og klikkar seg rundt på skjermen, som byr på så godt som alt passasjerane treng av opplysningar – frå korleis du kjem deg raskast inn til Oslo til kor du finn ulike servicetilbod på flyplassen. Skjermen er velkjend, for som George sjølv utbraut er det han som står bak systemet.

– Ein givande jobb

Avinor har det siste året satsa stort på teknologidivisjonen sin, som i dag framstår som ein samla og sterk divisjon. Dei som arbeider her, pushar stadig teknologiens grenser og tek for seg heile passasjerreisa frå lenge før du kjem til flyplassen til du landar trygt på din endestasjon. George og Caroline jobbar i avdelinga for digitale tenester. Der utviklar dei mellom anna nettsider, app og løysingar for parkering og lading av elbilar.  

Sjølv om det vi gjer bidreg til at Avinor tener pengar, er vårt føremål først og fremst å gi folk ei betre oppleving når dei skal ut og fly. Det er gjevande fordi løysingane blir brukte av så mange.

Caroline Jacobsen, systemutvikler Avinor

Verken George eller Caroline har tradisjonell IT-utdanning, men dei har begge ein interesse for teknologi og koding.

Frå spel til flykontrollsystem

Trass i ein fleksibel arbeidkvardag med mogelegheit for heimekontor, blir det aller flest arbeidsdagar på kontoret for George og Caroline.

– Det seier vel sitt om arbeidsmiljøet. Eg trur vi er den hyggelegaste avdelinga å jobbe i.

Den kommentaren frå Caroline blir utfordra av André Hübert Johansen og John Håvard Wraalsen.

Dei er også systemutviklarar, men jobbar i flynavigasjonstenesta til Avinor på Norges største kontrollsentral i Røyken. Begge trekkjer fram det gode arbeidsmiljøet som noko av det beste med jobben.

– Det er eit strålande miljø, konstaterer André.

Han har jobba i Avinor i 14 år og har ingen planar om å gi seg med det første.

– Det at det er ein samfunnsnyttig og sikkerheitskritisk jobb var det viktigaste trekkplasteret for meg. Eg kom frå ein jobb som spelutviklar og ønskte nye utfordringar. Det har eg verkeleg fått her.

Lærer noko nytt kvar dag

Enkelt forklart er jobben til André og John Håvard å utvikle system som blir brukt av flygeleiarane til å halde flya separerte i lufta og sørgje for ei trygg og effektiv reise gjennom luftrommet. Dei navigerer i ein teknologi som endrar seg i rakettfart, og det er derfor viktig å halde seg oppdatert.

Kan luftfarten bli berekraftig?

Berekraft er kanskje ikkje det fyrste ein forbinder med Avinor, men her blir det gjort mykje. Blant anna blir det jobba med elektrifisering av luftfarten, og både Caroline, George, André og John Håvard løyser oppgåver som skal gjere ei elles grå bransje grønare.

– Vi er avhengige av luftfarten, og då handlar det om å finne dei beste løysingane for korleis vi kan gjere det så berekraftig som mogleg, seier George.

– Vi gjer mykje testing og bidreg blant anna til å elektrifisere bilparken på flyplassane. Eg har òg jobba med å utvikle eit elbilladesystem, legg Caroline til.

Også i Røyken jobbar dei med løysingar som kan skape ein grønare luftfart.

– Flytrafikk har eit dårleg rykte, men Avinor tar verkeleg tak. Vårt bidrag er effektive flykontrollsystem.