
Vil du jobbe med oss?
Vart du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja ovanfor og les meir!
Då ho sat i cockpiten under ei flyging, og lytta til kommunikasjonen mellom flygeleiar og pilot, kjente Celine Haugan Lia verkeleg at ho jobba med noko som betyr noko.

– Å få utvikle eit kritisk system frå A til Å er utruleg givande
Celine Haugan Lia er systemingeniør i Avinor. Til dagleg jobbar ho på Oslo kontrollsentral i Røyken, men med utvikling av tårnsystem som arbeidsfelt, blir det mange turar til Oslo Lufthamn Gardermoen (OSL). Ho er nemleg med på laget som utviklar framtidas system for kontrolltårnet på OSL.
– Det å få vere med og skape eit så stort og kritisk system frå A til Å, er heilt klart hovudgrunnen til at eg søkte på jobben. Her får eg jobbe med så mange dyktige folk, og systemet vert utvikla saman med sluttbrukarane. Det gir ei heilskapleg forståing for behova som skal dekkjast.
Det nye systemet skal støtte flygeleiarane i arbeidet med å ta kritiske avgjerder for alle fly som skal lande og lette på flyplassen. I tillegg er Celine med på å utvikle framtidas system for norsk luftrom, som er eit samarbeid med fleire andre europeiske land. Testing av software er ein viktig del av jobben, og mykje av testinga går føre seg i simulatorar.
Fungerer grensesnittet optimalt på flygeleiarane sine radarskjermer, når eit fiktivt fly frå Gardermoen skal lande i Stavanger? Er meldingsflyten slik den skal?
– Dette er system som skal vere operative 24/7, og som må fungere. Det er klart det er motiverande å jobbe med det.

Som barn drøymde Celine om å bli oppfinnar. Trangen til å forstå korleis ting egentleg heng saman, har alltid vore ein sterk drivkraft. Og med jobben ho har i dag, føler ho at ho er på rett stad.
– Eg har alltid hatt ambisjonar, utan å vite nøyaktig kva veg eg skulle ta. Undervegs i studia vart eg meir og meir oppteken av å utvikle nye, komplekse system. Så då eg var ferdig med masteroppgåva, vart det viktig for meg å jobbe i ei stor bedrift som utviklar eigen teknologi.
På det området har Celine treft blink. Systema ho jobbar med i dag, føyer seg nemleg inn i ei solid rekke prosjekt som på ulike måtar skal utvikle framtidas system for norsk luftrom.
Allereie i 2021 opna Bodø Remote Tower Center, verdas største senter for fjernstyring av tårn. Her blir flysikringstenester for 11 av Avinors regionale lufthamner styrt, utan at nokon sit i tårnet lokalt. I dei komande åra skal talet på flyplassar i ordninga auke til 21. Eit nytt system for å handtere dronetrafikk er også på veg – nok eit område der Noreg er tidleg ute.
“Eg heiar veldig på at vi i Noreg skal halde oss i forkant og utvikle ny teknologi. Dette er noko vi er gode på her til lands, og luftfarten er heilt i front. I Avinor er det verkeleg store moglegheiter for oss teknologar.”
Celine Haugan Lia, systemingeniør i Avinor
Åra som kjem, blir ein kritisk fase, der gammal og ny teknologi skal fungere parallelt.
– Grensesnitta mellom systema er krevjande å utvikle, men viktige som mellombelse løysingar. Når ein så går over til ny teknologisk plattform, gir det rom for spennande ny funksjonalitet og vidareutvikling.
Celine var ikkje spesielt oppteken av flybransjen før ho søkte på stillinga. Men sidan oppstarten i juni i fjor, har interessa auka kraftig.
– Visste du for eksempel at heile luftrommet er organisert med ei rekkje punkt, som blir brukte til å navigere flya? spør ho engasjert.
25-åringen innrømmer at det har blitt endå meir spennande å fly, no som ho veit meir om alt som føregår i bakgrunnen. Ho hadde ingen erfaring med luftrom og tårnsystem før ho byrja å jobbe i Avinor, men det tette samarbeidet med flygeleiarar, fagspesialistar, utviklarar og kollegaer frå Airport Operation Center, har gjort at både kunnskapen og bekjentskapskrinsen har auka veldig raskt.
Det har ikkje vore noko problem å kome inn i det sosiale miljøet, fortel Celine. Onboardinga ho fekk som nytilsett var godt tilrettelagt nettopp for nytilsette i teknologi, med føredrag av fagfolk i ulike roller, samlingar og besøk på ulike stader i verksemda.
– Min erfaring er at det er nyttig å jobbe i tverrfaglege team, der alle har ulik bakgrunn og erfaringar.

Vart du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja ovanfor og les meir!