Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Om Avinor

Anders utviklar for framtidas luftfart

Finst det noko meir spennande enn å vere med og utvikle system for framtidas luftfart? – Vi jobbar med stadig nye problemstillingar, mykje eksperimentering og konstant læring. Det er aldri ein kjedeleg dag på jobb, fortel Anders Iver Gjermo.

Mann i mørk genser står utandørs med armane i kross, smiler og ser mot kameraet. Bakgrunnen er ein klar nattehimmel med lysstriper.

Utviklar tryggleik i lufta

Anders Iver er utviklar i Avinor, med arbeidsstad kontrollsentralen i Røyken. Noko av det som motiverer han mest i jobben er dei spennande og særdeles samfunnskritiske arbeidsoppgåvene. Han jobbar nemleg med utviklinga av hovudsystemet som styrer all lufttrafikken i Noreg.

For å gjere dette må utviklarane i Avinor integrere to system; eit velutprøvd og etablert system saman med eit nytt og moderne. Enkelt forklart sørgjer dette systemet for luftromskontroll at det ikkje blir kaos i lufta, at alle fly har sin «korridor» mellom flyplassane, det hjelper pilotane å unngå uvêr og redusere drivstofforbruk. Og ikkje minst at flytrafikken vert avvikla trygt og effektivt.

– Det som er spanande med denne jobben er at vi har teknologi som er nesten 50 år gammal, som skal snakke med teknologi som er heilt ny og i konstant utvikling. Det er kjempegøy!

Utvikler i Avinor, Anders Iver Gjermo

Tre menn samarbeider foran ein dataskjerm på eit kontor

Tett kontakt med flygeleiarane

Ein stor del av jobben er å forstå kva brukararane, nemleg flygeleiarane, treng. Flygeleiarane sit i tre kontrollsentralar i Noreg, ein i Bodø, ein i Stavanger, og ein djupt inni fjellet i Røyken.

– Vi må tileigne oss noko av det det same tankesettet som flygeleiarane, slik at vi skjønner korleis systemet skal brukast. Difor skjer ein del av opplæringa for nytilsette i kontrollsentralen, saman med flygeleiarane.