Thomas er AFIS-elev

Heilt frå Thomas var veldig liten, har han visst at han vil jobbe med fly. Tidlegare har han teke flygarutdanninga - men no ønskjer han å gjere noko anna.

Ein person i blå rutete skjorte står ved eit kontrollbord med skjermar og utstyr, med utsikt over ein snødekt bakgrunn.

Ein snøfull dag i februar møter vi Thomas i tårnet på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Ved sida av han sit ein kollega og gir trafikkinformasjon ned til flyet som skal til Oslo. Thomas tek opp kikkerten og hjelper kollegaen med å sjå om flyet har snø på vengene. Vêrobservasjon er nemleg ein viktig del av det å vere AFIS-fullmektig.

– Eg er veldig glad i fly! Eg hadde ein spennande periode med flygarutdanninga på Sandefjord lufthamn, Torp. Det var ikkje heilt det eg hadde sett føre meg, så då utlysinga for AFIS-fullmektig kom opp på Facebook, var eg rask med å søkje. Eg ønskte rett og slett å prøve noko nytt, seier Thomas.

Mann i blå rutete skjorte bruker kikkert i eit kontrollrom med fleire skjermar og kontrollpanel. Utsikt over snødekt landskap gjennom vindauga.

Eg synest det er så bra at Avinor tek så godt vare på oss. Vi får løn under utdanninga, slik at vi kan vie all tida vår til utdanninga.

Draumesituasjon

Thomas, og dei andre AFIS-elevane, har vore gjennom eit grunnkurs i lufttrafikktenesta og eit AFIS-teori/simulatortreningskurs i Malmö. No står det berre att å ha praksisperiode i Ørsta-Volda, som er eit av Avinors godkjende AFIS-opplæringsenheiter.

– Eg synest det er så bra at Avinor tek så godt vare på oss. Vi får løn under utdanninga, slik at vi kan vie heile tida vår til utdanninga. Det å bli ferdig utlært og ha dette som ein jobb - samtidig som eg kan jobbe med fly og vere ein del av ein flyklubb på fritida - er definitivt ein draumesituasjon, held Thomas fram.

Ein del av noko større

Thomas opplever at han er på ein trygg arbeidsplass, og at Avinor er ein god arbeidsgjevar.

– Det er fleire grunnar til det, men det viktigaste er at eg frå dag éin følte at eg blei godt ivareteken. Ein har gode avtalar og vilkår, og eg føler allereie no som elev at eg har det fint som tilsett i Avinor. Det er godt arbeidsmiljø både på Avinors hovudkontor i Bjørvika og her i tårnet på Ørsta-Volda lufthamn, fortel Thomas.

– Ein annan ting er at eg føler at eg er ein del av eit veldig stort samfunnsoppdrag som Avinor har. Ein er ein del av noko større! Som det å sikre norsk luftrom og luftfarten. Og ikkje minst drive flyplassane, det er eit veldig viktig oppdrag for samfunnet, og eg er veldig nøgd med der eg har komme no.

Flyplass med fly på rullebana om vinteren, omgjeve av snødekte fjell.

Anbefaler alle å søkje

Då Thomas såg utlysinga på Facebook var han ikkje usikker på at han ville søkje.

– Til alle de som synest AFIS-fullmektig høyrest spennande ut og ønskjer å søkje: Berre søk! Les meir og finn ut av kva det inneber å vere AFIS-fullmektig. Det er ein veldig spennande kvardag. Det er ikkje gitt at ein får jobben med ein gong – du må gjennom ein opptaksrunde – men eg vil anbefale å gje det eit forsøk.

Les meir om AFIS-jobben, utdanninga og opptaksprøva her!