
Vil du jobbe med oss?
Blei du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja over og les meir!
Er det mogleg å kombinere spanande, samfunnskritiske oppgåver med trivsel og godt arbeidsmiljø? Abinaya Sakthivel har fått begge delar i jobben i Avinor.

Abinaya Sakthivel er java-utviklar i Avinor, med arbeidsstad på kontrollsentralen i Røyken. Når ho skal beskrive arbeidsplassen sin, så er det dei gode kollegaene, trivselen og det gode miljøet ho trekk fram først.
– Det klaffa frå første stund. Eg fekk komme på besøk etter intervjuet. Ein hyggeleg lunsj med teamet ga meg eit innblikk i korleis arbeidskvardagen min kom til å sjå ut. Det sette eg veldig stor pris på, for trivsel er det aller viktigaste for meg.
Då ho byrja i Avinor, kom ho rett frå skulebenken, og hadde ein litt atypisk bakgrunn med matematiske og teoretiske fag. Ho blei teken med inn i prosjekta med éin gong.
– Det var mykje som var nytt for meg, men eg fekk god opplæring, og følte at folk investerte tid for å gi meg ein god start. Det gjorde at eg følte meg som ein del av teamet frå dag éin.

System for framtidas luftromskontroll
Abinaya er ein del av Aims-teamet som har ein toppmoderne teknologi-stack. Dei er opptekne av å teste ut ny teknologi, og no køyrer dei alle sine prosjekt på Kubernetes og Docker. Teamet består av 11 utviklarar, som igjen er delt i tre; eit plattformteam og to applikasjonsteam.
Når ho skal beskrive arbeidsoppgåvene sine, gir ho eit døme frå det mest spanande prosjektet for teknologar i Røyken akkurat no: Skiftet frå gammalt flykontrollsystem til eit heilt nytt system kalla iTEC. Systemet vil digitalisere lufttrafikktenesta i norsk luftrom, og opne for nye moglegheiter for korleis lufttrafikktenesta blir utført i framtida. Systemet blir utvikla i allianse med fleire andre europeiske land og vil gi Avinor tilgang til ein moderne, felles europeisk plattform for teknologi.
“– Det betyr veldig mange spennande arbeidsoppgåver for oss utviklarar i åra framover.”
Java-utvikler Abinaya Sakthivel
Akkurat no er det testing av nye integrasjonar mot iTEC som opptar all hennar tid. For når ein skal bytte eit så omfattande system som flykontrollsystemet, må ein teste mye. Og her fungerer teamet hennar som ei integrasjonsplattform og eit mellomledd som skal gjere transisjonen mellom dei to systema smidigare.
– Det betyr at vi kan bytte mellom systema, slik at vi kan teste, og sjekke at det nye systemet fungerer som det skal. Vi utviklar jo framtidas system for lufttrafikktjeneste, og det synest eg er veldig stort og spennande å vere med på.
Stort fagmiljø
I Røyken er det eit stort fagmiljø med over 70 medarbeidarar med ulik og variert teknologikompetanse, og domenekunnskapar rundt luftromskontroll. Det er ein stor fordel, fortel Abinaya:
– Det er alltid nokon du kan sparre med for å løyse dei problemstillingane du slit med. Vi har ein veldig open dialog. Er det noko eg lurer på, så er det berre å huke tak i ein som sit på den kompetansen. Vi blir aldri sittande åleine med problema, her jobbar vi saman, konstaterer ho.

Blei du nysgjerrig på å vite meir om karrieremoglegheitene innanfor teknologi i Avinor? Følg lenkja over og les meir!