Alle som er kvalifisert, vil få innkalling til opptaksprøvar. Viss du har delteke tidlegare og ikkje bestått, vil du ikkje få moglegheit til å ta testane på nytt.
Dei to første fasane av opptaksprøva består av databaserte testar. Testane måler om du har dei nødvendige eigenskapane for å kunne gjennomføre utdanninga og jobbe som flygeleiar. Eigenskapar ein er særleg oppteken av er:
- Tredimensjonal førestillingsevne (romoppfatning)
- Snar oppfattelsesevne
- God konsentrasjonsevne
- Simultankapasitet (evne til å handtere fleire oppgåver/informasjonar samtidig)
- Beslutningsevne
- Koordineringsevne
- Høg stresstoleranse
- Gode samarbeidseigenskapar
Slik går opptaksprosessen føre seg
- Fase 0: Kontroll av søknaden: Det blir sjekka at du oppfyller opptakskrava og har lasta opp vitnemål frå vidaregåande skule i søknaden.
- Fase 1: Innleiande opptaksprøve: Det er ikkje eit krav at du må ha brei datakompetanse. Testane går føre seg på engelsk. Originalt vitnemål eller duplikat må skaffast og takast med til opptaksprøvane for kontroll.
- Fase 2: Består du fase 1, går du vidare til fase 2 som varer i ca. 4 timar. Testane går føre seg på engelsk.
- Fase 3: Kjem du deg gjennom fase 2, blir du innkalla til fase 3 som er intervju. Intervjuet går føre seg på norsk.
- Fase 4: Helsesjekk og tryggingsklarering.