Fjernstyrte tårn

Framtidas teknologi på norske flyplassar
Noreg er eit land med store avstandar og utfordrande topografi. Norsk næringsliv er internasjonalt orientert og avhengig av luftfarten. Luftfart er avgjerande for busetnad, verdiskaping, reiseliv, helsevesen, utdanning, idrett og kultur.
To av tre nordmenn har tilgang til ein flyplass innanfor ei times reise. På Vestlandet og i Nord-Noreg, kan to av tre nå næraste flyplass på ein halvtime. Luftfarten har stor tyding for regional vekst og tilgjenge til regionsentra og spelar ei viktig rolle for Noregs desentraliserte utdanningssystem. Luftfarten er òg heilt sentral for helsesektoren i Noreg: det blir gjennomført årleg over 30.000 ambulanseflyrørsler. Sjukehusstrukturen i Nord-Noreg baserer seg mellom anna på mykje lufttransport. Luftfarten er òg ein viktig sektor for reiselivet, spesielt i Nord-Noreg. Remote Towers bidrar til å støtte desse sektorane gjennom ei sikker-, stabil- og effektiv tårnteneste.

Vidareutviklar for framleis vekst
Avinor gjennomfører ei rekke tiltak for å modernisere og effektivisere verksemda og for å legge til rette for framleis vekst i luftfarten. Avinor Flysikring innførte fjernstyrt tårnteneste ved Røst lufthamn 19. oktober 2019 saman med leverandørane Kongsberg Defence & Aerospace og Indra. Fjernstyrte tårn vil i første omgang bli rulla ut på totalt 15 lufthamner i Noreg. I mai 2022 opna det nye Remote Towers Centre i Bodø, der det i dag er 14 lufthamner i operativ drift. Dette er no verdas største senter for fjernstyrte tårn. I februar 2024 beslutta styret i Avinor å overføre seks nye tårn til Avinors fjernstyrte tårnsenter i Bodø. Det er òg tidlegare vedtatt at ny lufthamn Mo i Rana vil fjernstyrast frå senteret i Bodø. Dermed vil talet på tårn som blir styrt frå senteret i Bodø bli til 21. Ved nye Bodø lufthamn og Kirkenes lufthamn skal det etablerast digitale tårn med lokale løysingar.
Målet med denne satsinga er å legge til rette for endå betre og meir effektiv drift på lufthamnene. Mange av flytårna i Noreg er modne for oppussing eller total utskifting. Med fjernstyrte tårn unngår Avinor ein del av desse kostnadene. I framtida vil òg éin person kunne handtere trafikken på fleire lufthamner frå same posisjon. Dette gir òg betydelege effektiviseringsmogelegheiter og lågare utgifter som igjen sikrar det gode rutetilbodet me har i Noreg i dag.

Ei sikker løysing til å stole på
Kvar endring innan luftfart er regulert av strenge reglar for tryggleik. I utviklinga av fjernstyrte tårn har det vore ei føresetnad at løysinga skal vere like trygg som, eller endå tryggare enn dagens tårn.
Avinor gjennomfører omfattande tryggingsanalysar av kvar endring i system og arbeidsmetodar i samsvar med interne prosessar godkjent av Luftfartstilsynet. Før fjernstyrte tårn blir innførte, har løysingane fått aksept hos Luftfartstilsynet, og det er dokumentert at tryggingsnivået blir like bra eller betre enn tradisjonelle tårn.
Slik fungerer fjernstyrte tårn
Eit fjernstyrt tårn inneber at dei som styrer trafikken på flyplassen sit i eit tårnsenter i staden for kvart enkelt tårn. På flyplassen er det installert kameraer, mikrofonar og anna utstyr som gir svært detaljert informasjon om ver og aktivitetar på flyplassen til einkvar tid.
Lokasjonar

Tidslinje for implementering av fjernstyrte tårn
Fase 1:
- Røst – oktober 2019 (i operativ drift)
- Vardø – oktober 2020 (i operativ drift)
- Hasvik – november 2020 (i operativ drift)
- Berlevåg – november 2020 (i operativ drift)
- Røros – juni 2022 (i operativ drift)
- Mehamn – juni 2022 (i operativ drift)
- Rørvik – september 2022 (i operativ drift)
- Namsos – september 2022 (i operativ drift)
- Svolvær – januar 2023 (i operativ drift)
- Sogndal – februar 2023 (i operativ drift)
- Førde – februar 2023 (i operativ drift)
- Molde – april 2025 (i operativ drift)
- Leknes – april 2025 (i operativ drift)
- Sandnessjøen – april 2025 (i operativ drift)
Fase 2:
Rekkjefølgje ikkje bestemt.
- Båtsfjord - i løpet av 2026/2027
- Mosjøen - i løpet av 2026/2027
- Sandane - i løpet av 2026/2027
- Sørkjosen - i løpet av 2026/2027
- Vadsø - i løpet av 2026/2027
- Ørsta-Volda - i løpet av 2026/2027
- Ny flyplass Mo i Rana - planlagt ferdigstilling våren 2027
- Ny flyplass Bodø - planlagt ferdigstilling 2029/2030