PFAS
Det er aukande uro knytt til PFAS fordi stoffa vert brotne svært langsamt ned i naturen, har tendens til å spreie seg i miljøet, oppkonsentrerast i levande organismar og kan vere helseskadelege. Avinor har sidan 2001 nytta PFOS-fritt brannskum og sidan 2012 nytta brannskum heilt utan fluorforbindelsar. Som enkelttiltak er dette noko av det viktigaste Avinor har gjort for å redusere utlekking av PFAS. Internasjonalt finst det flyplassar som framleis nyttar PFAS-haldig sløkkeskum. Historisk bruk har ført til forureining i grunnen på Avinors flyplassar og dette bidreg framleis til at noko PFAS lek ut i naturen kring flyplassane.
I Avinors klima- og miljøstrategi frå 2023, vart det vedteke eit langsiktig mål om at «Avinor skal bidra til den nasjonale målsetjinga om å redusere utslepp av PFAS», og eit kortsiktig mål om å «Rydde i PFAS-forureina område i samsvar med pålegg frå Miljødirektoratet.» I praksis tydar det kortsiktige målet at det skal gjennomførast opprydding av PFAS-forureina lokalitetar ved to flyplassar per år i tidsrommet 2023 - 2027.
Dette skal målast med to KPIar:
- Tal på lokasjonar (lufthamner) der tiltak er gjennomførte.
- Mengde PFAS (kilo) teke ut av kretsløpet ved fjerning eller spreiingsreduserande tiltak.
Avinor har etablert eit eige PFAS-program som har ansvar for kartlegging, utarbeiding av tiltaksplanar og oppryddingar etter pålegg frå Miljødirektoratet.Til grunn for programmet sitt arbeid ligg at dei samla utsleppa av PFAS frå Avinor sine lufthamner skal reduserast så langt det lèt seg gjere (jamfør krav i pålegg frå Miljødirektoratet). Målsetninga er å fjerne PFAS, eller redusere spreiing, frå dei mest forureina områda ved 13 prioriterte lufthamner innan 2027. Prioriteringa baserer seg på samlerapporten frå 2019 som blei utarbeidd etter pålegg frå Miljødirektoratet. Figuren under viser tiltak som fram til no er gjennomførte ved Avinor sine lokalitetar (Figur 1).
Tiltaka gjennomførte til no (inkl. pågåande arbeid i 2025) på overnemnde lufthamner har fjerna eller redusert spreiing frå 245 kilo PFAS, i hovudsak med graving og deponering (figur 2). Alle massene er levert til deponi med særskild løyve til mottak av PFAS-forureina massar.
Avinor arbeider òg med å auke eigen kunnskap om nye og relevante tiltaksmetodar for PFAS-forureina jord og/eller vatn. Avinor har som målsetning å kunne ta i bruk andre tiltaksmetodar enn det som fram til no er nytta (vatnrensing/graving og deponering), slik at oppryddinga kan gjennomførast meir kostnadseffektivt utan at dette går på kostnad av miljøeffekt.
Avinor har ei rekneskapsmessig avsetning som skal reflektere dei forventa kostnadene knytt til arbeidet med, og opprydding i, PFAS-forureina lokalitetar. Avsetninga er hefta med stor uvisse, og blir fortløpande oppdatert ettersom ny kunnskap kjem til. Endra krav, grenseverdiar og rammevilkår frå styresmaktene kan påverka kostnadene knytte til PFAS-arbeidet. Pr. Q2 2025 er avsetninga på 775 millionar kroner.